Velkomen til Sysendalen Skisenter

– skiglede for alle

Opning 2.joledag!

Vetle jolafta og me er klare for opning 2. joledag kl 10???? Me har fått nokre få cm nysnø oppå kunstsnøen, så forholda er slett ikkje verst! Me har ikkje full breidde alle stader i nedfarten, så ta det piano fyrste turane til de har gjort dykk kjent med underlaget. Me minner om at de må prøve å få med dykk dei KeyCarda som ligg i profilen på SkiPerformance i bakken, då det er desse korta sesongkorta ligg inne på. Dei som har kjøpt sesongkort på førehandssal og har med seg riktig KeyCard kan gå rett i heisen???? Til slutt minner me om at kunstsnø er hardt, og at det ligg ein del harde snøklumpar utafor nedfarten. . Bruk hjelm ta det roleg???? Me i Hardangervidda Ski og Fjellsport AS ynskjer slle ei riktig god jol og velkomen på ski på Maurset 2.joledag????

Les meir

Takk for denne gong!

Me i Hardangervidda Ski og Fjellsport AS takkar så mykje for besøket gjennom sesongen! Me sjåast i desember!

Les meir

Sesongopning 2.joledag!

Me har lagt bak oss ei særs våt veke i Sysendalen, og mykje av snøen i terrenget har diverre forsvunne. No har det endeleg frose på, og me har framleis greit med kunstsnø i nedfart og trekktrasè. Det er meldt kaldt så langt langtidsvarselet rekk, og me er stort sett klare for opning av begge trekk 2.joledag! Frosen kunstsnø er HARDT, og har du ein kompis som ikkje har hjelm seier jolegåvetipset seg sjølv.

Mange har kjøpt sesongkort med KeyCard som allereie ligg registrert på deira konto på Skiperformance. Det er bra, tusen takk for det! Erfaringsmessig veit me at ikkje alle har oversikta over kvar desse KeyCarda befinn seg. Me lagar sjølvsagt nye kort om De ikkje finn att KeyCarda De har bestilt sesongkort på, men gjer likevel ein innsats på å få med Dykk rett kort i bakken fyrste dagen, så slepp me kø og forsinkelsar når alt ein eigentleg vil er å koma seg ut på ski!

Me slepp ikkje unna Covid`en denne sesongen heller. Me har difor begrensa kapasitet i varmestova, som i fjor. Einmetersregelen gjeld, og me ber om at De nyttar munnbind inne i varmestova dersom De ikkje greier å halde 1 meter til andre.

Velkomen på ski på Maurset 2.joledga kl 10!

Les meir

God 3.sundag i advent!

Me har så smått byrja å dytte ut kunstsnøhaugane på Maurset, og så langt ser det veldig bra ut! Me får ein god sole som forhåpentleg skal vara heilt ut til over påske. Som vanleg får me ein liten periode den komande veka med plussgrader og nedbør i form av regn, men me kryssar fingrane for at regnet ikkje reiser med for mykje av kunstsnøen vår. Som vanleg tek me sikte på å opne begge trekka til 2.joledag kl 10. 

I terrenget er det diverre ikkje mykje å skryta av førebels. Løypemaskina er på sumarbeite i Eidfjord, og der vert ho nok verande i alle fall ei veke til om meldingane slår til. Det positive er at løypelaget har vore ute med det nye utstyret og fått komprimert snøen på gang- og sykkelstiane, slik at det vetle grunnlaget som har kome toler noko meir nedbør som regn før det reiser. Det har og vorte gjort mykje maskinarbeid i løypene no på seinhausten, og me gledar oss til fyrste gjennomkøyring med løypemaskina. 

 Til slutt ynskjer me alle ei finfin førjolstid, og med eit øøørlite forbehold, velkomen på ski på Maurset 2.joledag!

Les meir

Førehandssalet i gang!

Me er no i gang med førehandssalet på sesongkort hjå oss i Sysendalen Skisenter! Sjekk ut https://sysendalen.skiperformance.com/no/shopp#/no/kjøpe for info og prisar! Me gjer merksam på at familiepakkane kun gjeld foreldre og born busett på same adresse.

Les meir

Sesongstart 9.januar!

Sesongstart laurdag 9 januar!

Me startar sesongen fyrstkommande laurdag! Etter fleire døgn med til dels gode temperaturar og ein formidabel innsats kan me endelig ynskje velkommen til sesongstart 2021!

Men, det vil denne fyrste helga kunn vera dei som har kjøpt sesongkort som kan stå på ski hjå oss. Det vert ikke salg av skikort i varmestova eller på nett. Dei som har kjøpt sesongkort, men ikkje henta dei, kan sjølvsagt hente desse i varmestova.

Me har berre ein nedfart klar og me lyt få erfaring med korleis me har organisert oss ifbm krav om avstand etc.

Varmestova vil vera open, men det er fjerna fleire bord og sitteplassar for å kunne halde god avstand. Det er eit begrensa antall personar som kan opphalde seg i varmestova samtidig.

Bord inne er kunn for dei som kjøper mat i varmestova, men me har sette opp nokre bord ute for nistepakken. Alle som er innom ynskjer me at registrerer seg for å lette eventuell smittesporing. Info om dette i varmestova.

Ellers så håper me alle er med å bidra til at me held dei krav som er sett slik at me kan fortsette å snurre skiheis utover i sesongen.!

Det viktigaste er at alle som har symptom, føler seg sjuke eller er sjuke held seg heime!

Velkomen til fjells!

Les meir

Støttespelarar

Home Logo 01
Flatearth Logo 180px
Home Logo 02
Hardanger Energi Logo 200px
Home Logo 03
Home Logo 04
Home Logo 05
Home Logo 06
Hotel Ullensvang Logo 180px
Destinasjon Eidfjord Logo 185px

Sysendalen på sosiale media.

Follow us

Lorem ipsum dolor sit amet, consetetur sadipscing elitr, sed diam nonumy eirmod.

smily Velkomen til fjells!